Bård Vegar Solhjell inn i by:Larm-styret

November 14 2017

Tidligere statsråd, SV-politiker og nåværende musikkelsker Bård Vegar Solhjell innlemmes i by:Larm-familien! Mens vi venter på demoslipp, har vi tatt en prat med vårt ferskeste styremedlem.

Hei Bård Vegar. Hva driver du med for tiden?
Du eg har en slags pause i livet. Eg slutta på Stortinget 1.oktober, og har ikkje starta i ny jobb enda. Så eg løper med bikkja, lager middag til familien og går rundt i huset og monterer ting mens eg høyrer på gamle vinylplater.

Hvordan havnet du i styret til by:Larm?
Godt spørsmål, eg veit ikkje! Kanskje fordi eg har arbeidd med kulturpolitikk, har ein del styreerfaring, mange nyttige kontaktar og er musikkinteressert?

Er du tidligere by:Larm-gjest?
Ja, ein del gonger. Eg var ein tur innom seinast i fjor, men meir for ein del år tilbake.

Hva var din siste musikalske opplevelse?
Eg var faktisk på Residents-konsert på Rockefeller på søndag. Legendarisk band gjennom mange tiår. Dei gjenverande bandmedlemmene må vel nærme seg 70, men gjemte seg som alltid bak masker. Publikum var ikkje ungt, for å seie det sånn.

Hvordan konsumerer du musikk?
Frå spotify til hodetelefonar dominerer, men eg har vinyl og CD’ar framme i stova og spelar av og til frå dei også. Og i bilen, og av og til på kontoret.

Hvordan trives du så langt som en del av by:Larm?
Veldig godt, men det er nytt. Eg har framleis ikkje vore på festival som styremedlem.

Hva tilfører du styret?
Eit bredt nettverk i forvaltning, politikk, næringsliv og frivillig sektor. Kunnskap om å styre ein organisasjon. Stort engasjement for musikk, men litt for lite kunnskap om det nye som skjer på musikkfronten i dag.

Hva gleder du deg mest til på festivalen i 2018?
Å oppdage nye band. Har også likt å sjå på dybeintervju før, og å lære om bransjen. Kanskje skal eg også få med meg nokre headlinarar.

Velkommen, Bård Vegar!